Om Atelieret


I 1994 opna eg atelieret i den gamle låven.  Ikkje så stort og ikkje så lite, men kanskje akkurat passe.  Låven sto liksom bare der og venta på meg.  Ein fredeleg plett på jorda kor ein kan stelle med “sitt”.  

Her blir Setesdalsmotiv i acryl og diverse teknikkar til.  Her lagar eg koparstikk og lito. Her teiknar eg croquie og akt. Her kjem inspirasjonen til motiva med alle stakkane og skinnfua fram. 

Den rike setesdalskulturen osar av ting å ta tak i.  Kvardagsleg liv og lagnad.  Born som leikar.  Det rare i ein situasjon, ljoset og veret, fjella og fargane.  Eg likar å herje litt med ting – gjenta ein situasjon, lage lange rekker, eller øydelegge og byggje opp att.