Om Atelieret

I den gamle, raude låven i rydning

Atelieret opna i 1994.  
Den gamle låven; ikkje så stor og ikkje så liten heller, men kanskje akkurat passe.  Den sto liksom bare der og venta på meg.  Sjolv om det blei litt usemje mellom meg og min kjære, da vi flutte frå eit nytt og godt vedlikehalde hus, så har ingen av oss angra!  Vi trivs oppmed Bjønnåna.  Her er det roleg og nært til dagleglivet som skule og butikk.  Her fekk vi ro til å bygge opp det det er blitt til i dag.  Ein fredeleg plett på jorda kor underteikna kan stelle med sitt - for å seie det slik. .   

Her blir Setesdalsmotiv i acryl og diverse teknikkar til.  Her lagar eg koparstikk og lito.  Her teiknar vi croquie og akt.  Her kjem inspirasjonen til motiva med alle stakkane og skinnfua. 

Den rike setesdalskulturen osar av ting å ta tak i. Men personleg har eg fanga interessen for det kvardagslege i liv og lagnad.  For barna som leikar, for det rare i ein situasjon, for ljoset og været, fjella og fargane.  Eg likar å herje litt med ting- gjenta ein situasjon, lage lange rekker, eller bygge ting oppå kvarandre.

Velkomen til mitt vesle paradis:-) 

Den store festen
Meny Lukk